søndag 25. juli 2010

Den gongen eg var rodeoklovn

Det var i herrens år 1998, eg var nyss uteksaminert og inseminert frå Landbrukshøgskulen på Ås.

Det var særs vanskelege tider å få seg jobb som fjøsrøktar,
difor freista eg skjebnen når eg fekk tilbodet om å bli rodeoklovn.
Lukka stod den kjekke bi, og i mange månadar var eg den mest populære
klovnen hjå Texas Longhorn Bigass Steakhouse Rodeo Coloseum.

Men hovmot står som kjent for fall, og ein dag eg var som mest karavoren,
og gjorde meg til for ei skjønnheit på tribunene, kom ein av oksane seg laus
og kom i fullt firsprang mot meg. Før eg rakk å kasta meg unna var oksen over meg
og eine hornet sette seg fast i sideflesket på meg.
Han kasta meg rundt i lufta som ei fillete tydokke,
og trampa på meg og spytta inni såret
Sidan er alt svart, men eg har vorte fortalt av dei som såg,
at eg etter dette verkeleg tok oksen ved horna!


Og historia er heilt sann, eg lovar.
Ved oksepungen som heng på min overfylte trofevegg, eg svergar!

Voila!

Blogg oppe og går. Ikkje forvent enorme mengder oppdateringar.